Rauland filmklubb: Bugonia
Rauland ungdomsklubb/Sondov
Søndag 31. mai viser me "Bugonia" av den greske regissøren Yorgos Lanthimos. Filmen handlar om ein administrerande direktør i eit stort farmasøytisk selskap som blir kidnappa av to konspirasjonsteoretikarar.
Filmkritikar Birger Vestmo i NRK trilla 5 på terningen og skildrar filmen slik: "Bugonia er saftig satire med burlesk brutalitet, og serverer noen treffende kommentarer til menneskehetens tilstand i konspirasjonsteorienes tidsalder."
Sjå trailer her: https://youtu.be/bd_5HcTujfc?si=syXWP6GKnKylnexP
Dørene opnar kl. 18.30, og me snurrar film frå 19.00. Inngang kostar 50kr for medlemmer og 120kr for ikkje-medlemmer. Medlemskap kostar 200kr for seks månader.
Vel møtt på film!
Kontaktinformasjon
Rauland filmklubb
Tlf: +4790962958
E-post: kehegg@yahoo.com
Heimeside: https://fb.me/e/ahs0jYuIW
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.