
Rauland filmklubb: Decision to leave
Rauland ungdomsklubb/Sondov
Søndag 14. september viser me den sør-koreanske filmen «Decision to leave» av Park Chan-wook. Filmen handlar om relasjonen mellom ein politietterforskar og enka etter ein mann som dør i ei ulukke.
Birger Vestmo i NRK Filmpolitiet skildrar filmen som «en mystisk, sensuell og lengtende noirthriller med fascinerende skildringer av fortapt lidenskap». Vestmo trilla ein femmer på terningen.
Sjå trailer her: https://youtu.be/Bmoy73lhs-s?feature=shared
Dørene opnar 18.30, og me snurrar film frå 19.00. Inngang kostar 50kr for medlemmar og 125kr for ikkje-medlemmar. Medlemskap kostar 200kr for seks månader.
Vel møtt!
Kontaktinformasjon
Rauland filmklubb
Tlf: +4790962958
E-post: kehegg@yahoo.com
Heimeside: https://www.facebook.com/events/24832165723080736/
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.