Hopp til innhold
Rauland filmklubb: Frøet fra det hellige fikentreet - Vest-Telemark.no
© Bilde frå filmen

Rauland filmklubb: Frøet fra det hellige fikentreet

Sondov/Rauland ungdomsklubb

Søndag 30. august viser me den iranske spelefilmen «Frøet fra det hellige fikentreet» av Mohammad Rasoulof. Filmen handlar om ein familie i Teheran under dei store demonstrasjonane mot det iranske regimet i 2022.

Filmkritikar Birger Vestmo i NRK skildrar filmen som ein «sterk og modig film som angriper Irans autoritære styre og patriarkalske strukturer» og trillar 5 på terningen.

Sjå trailer her: https://youtu.be/QAcS9Gv_564?is=frTnDpVlIH8eNg0F

Dørene opnar 18.30, og me snurrar film frå 19.00. Inngang kostar 50kr for medlemmar og 125kr for ikkje-medlemmar. Medlemskap kostar 200kr for seks månader.

Vel møtt!

Kontaktinformasjon

Rauland filmklubb
Tlf: 90962958
E-post: kehegg@yahoo.com
Heimeside: https://www.facebook.com/share/1EXLTQtPbx/?mibextid=wwXIfr

Kart over Sondov/Rauland ungdomsklubb