Rauland filmklubb: Ljósbrot
Sondov/Rauland ungdomsklubb
Søndag 25. oktober blir det islandsk film når me viser «Ljósbrot» av Rúnar Rúnarsson. Filmen er ei varm og sår skildring av kjærleik, vennskap og sorg gjennom ein lang sommardag i Reykjavík.
Una og Diddi er kunststudentar og hemmeleg forelska. Diddi har allereie ein kjærast, men skal reise heim for å gjere det slutt med henne. Når Diddi brått blir borte, sit Una att med ei stor sorg ho ikkje kan dele med dei andre, sidan ingen visste om forholdet deira. Situasjonen blir ikkje enklare når kjærasten Klara kjem til byen.
Sjå trailer her: https://www.youtube.com/watch?v=lCLi003OPe8
Dørene opnar kl. 18.30, og me snurrar film frå 19.00. Inngang kostar 50 kr for medlemmer og 120 kr for ikkje-medlemmer. Medlemskap kostar 200 kr for seks månader. Studentpris er 35 kr for medlemmar og 100 kr for ikkje-medlemmar. Studentmedlemskap kostar 150 kr.
Vel møtt på film!
Kontaktinformasjon
Rauland filmklubb
Tlf: +4790962958
E-post: kehegg@yahoo.com
Heimeside: https://www.facebook.com/events/1630443101879057/
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.