Hopp til innhold
Rauland filmklubb: The Phoenician Scheme - Vest-Telemark.no
© Bilde frå filmen

Rauland filmklubb: The Phoenician Scheme

Rauland ungdomsklubb/Sondov

Søndag 22. februar viser me den siste filmen til den amerikanske regissøren Wes Anderson. "The Phoenician Scheme" handlar om Zsa-zsa Korda, ein mektig forretningsmann innan våpen- og luftfartsindustrien som prøvar å overføre forretningsimperiet sitt til neste generasjon.

Wes Anderson er kjent for filmar og persongalleri med mykje humor og fargerikdom. "The Phoenician Scheme" er ikkje noko unntak. Sjå trailer her: https://youtu.be/GEuMnPl2WI4

Dørene opnar kl. 18.30, og me snurrar film frå 19.00. Inngang kostar 50kr for medlemmer og 120kr for ikkje-medlemmer. Medlemskap kostar 200kr for seks månader.

Vel møtt på film!

Kontaktinformasjon

Rauland filmklubb
Tlf: +4790962958
E-post: kehegg@yahoo.com
Heimeside: https://fb.me/e/d6kuC1n9F

Kart over Rauland ungdomsklubb/Sondov