Hopp til innhold
SENIORSEMINAR Raulandsakademiet - Seniordagar i Vinje 2026 - Vest-Telemark.no
© Vinje kommune

SENIORSEMINAR Raulandsakademiet - Seniordagar i Vinje 2026

Raulandsakademiet

Dagseminaret er ein del av Seniordagar i Vinje 2026, og tema for seminaret i år er Aktivitet, fellesskap og tryggleik.
Dagen vil innehalde fordrag om
- Aktivitet utan aldersgrense
- Brannvern i eigen heim
- Digital tryggleik og inkludering
- Beredskap – informasjonspunkt, forsyningstryggleik og samarbeid
- Helseteknologi – tryggleik og meistring
- Friskliv- og meistringstilbod i Vinje kommune
- Scenesamtale om aktivitet og fellesskap
På scenen vil de møte både ordførar, kommunedirektør og andre tilsette i Vinje kommune, tilsette i Vest Telemark brannvern, og ei utflytt Vinjejente. I tillegg vil gode representantar for seniorane i Vinje delta.
Me ynskjer alle, i og utanfor kommunen velkomne til ein dag med gode foredrag, mat, musikk og hygge.
Seminaret er gratis, men lunsj, kaffe og kake vil koste kr 150,-.

Endeleg program kjem snart.
Seniordagar i Vinje 2026 er eit samarbeid mellom Vinje kommune, Eldrerådet, Folkeakademiet i Vinje og Vinje Sanitetslag.

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Vinje kommune
Tlf: 35062300
E-post: postmottak@vinje.kommune.no
Heimeside: https://www.vinje.kommune.no/index.php?

Kart over Raulandsakademiet