Hopp til innhold
Henrik og Steinar
© Henrik og Steinar

Standup med Steinar Sagen og Henrik Elvestad

Vinjehuset

Etter eit vellukka standupshow i Vinje i vår, er me glade for å kunne invitere til ein ny runde i haustferien i samarbeid med Suber. Ta med deg latteren og bli med på ein kveld fylt med humor og god stemning!
Steinar Sagen og Henrik Elvestad, tar nå steget ut av tv- og podcast-verden for å lage eit sceneshow. Duoen er klare for å ta det humoristiske uttrykk sitt ut på vegen for å underhalde publikum over heile landet. Steinar Sagen, kjent frå blant anna "Radioresepsjonen" og «Papaya» og mange TV-prosjekt, har ein spesiell evne til å kombinere sarkasme, absurde situasjonar og ein uredd tilnærming til humor. Saman med Henrik Elvestad, kjent frå Golden Goal og Idrettsforeldre på TV2, er dei eit dynamisk team som har fått eit solid fotfeste i den norske humorscenen. Deira humor har alltid vore lett å kjenne att for folk, med ei blanding av skarp observasjon, vittige kommentarar og ein leiken tilnærming til alt frå kvardagsliv til meir obskure emner. Nå er duoen klar til å levere noko heilt nytt i form av eit «helaftenshow!» Håpar me sjåast og røast.

Prisar

Voksen: 450,00

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Folkeakademiet Vinje/Suber Mohamed
Tlf: 95897895
E-post: signe.marie.kittelsaa@nenett.no

Kart over Vinjehuset