
Tarjei Vesaas og teateret – bokslepp
Vinjesenteret
I september gjev Sveinung Nordstoga ut Tarjei Vesaas og teateret – ei forfattarhistorie. Boka tek føre seg dramatikaren Vesaas, og særleg arbeida hans som tek føre seg krig, krigsangst og menneskeleg vondskap – tema som framleis er høgst aktuelle.?
Tarjei Vesaas skreiv mange skodespel, både for scena og for radio. Dramadiktinga, som ofte har blitt nedvurdert, gjer biletet av diktaren og forfattarskapen meir fullstendig. Vesaas utforskar si eiga litterære form heile tida og er kanskje så moderne for samtida si at ein då ikkje heilt greidde å forstå rekkjevidda av denne delen av diktinga.?
Møt Sveinung Nordstoga i samtale med Peter Fjågesund.?
Det blir høve til å kjøpe boka.?
?
Sveinung Nordstoga (f. 1954) er dosent emeritus i norskdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han har skrive fleire artiklar og bøker om litteraturhistoriske emne, songlyrikk, historia om norskfaget og om nynorske forfattarskap.??
Peter Fjågesund (f. 1959) er dr.philos. frå Oxford University og professor i britisk litteratur og kultur ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Prisar
Gratis inngang
Kontaktinformasjon
Vinjesenteret
Tlf: +4746706073
E-post: ea.kristine.bakken@nynorsk.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.