Hopp til innhold
Teater Ibsen
© Teater Ibsen

Teater Ibsen - Stein i lomma

Vinjehuset

Her rår kyniske produsentar, egoistiske divaer og ein utanlandsk regissør som alle berre tenkjer på profitt. Heile bygda blir snudd på hovudet, og kulturkræsjen mellom lokalsamfunnet og det internasjonale filmselskapet er eit faktum.

Det skal lagast ein film som handlar om kjærleiken mellom ein gjeldstynga ung mann og ei rik bondedotter. I likskap med mange andre har to rappkjefta unge menn late seg hyre inn som statistar. Korleis taklar lokalbefolkninga møtet med sleipe produsentar og verdsvande stjerner? Kva skjer når underhaldningsindustrien rykkjer inn med heile sitt svære apparat og forvandlar eit intetanande lokalsamfunn til ein einaste stor «location»?

«Stein i lomma» handlar minst like mykje om draumane til desse to unge mennene. Det er avgjerande å ha noko å tru på. To unge menn som ikkje heilt har fått grep om liva sine. Det er mykje dei ikkje har oppnådd, men vil dei skjøne at livet kan ta ei ny retning? Venskapet gjer noko med dei. Desse to må handtere både morosame og vanskelege situasjonar – og konsekvensane av vala sine.

På scenen
Hadle Reisæter og Lars August Jørgensen

Team
Av: Marie Jones

Regi: Morten Borgersen
Oversettelse: Øyvind Berg
Bearbeidelse: Tommy Sørbø og Morten Borgersen
Scenografisk konsept: Freydis Ravn og Morten Borgersen
Dramaturg: Åste Marie Bjerke
Foto: Dag Jenssen
Forlag: Colombine

Varighet: 90 min u/pause

Prisar

Pris: 300,00

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Vinje kommune / Kultur uten barrierer
Tlf: 91696741
E-post: david.ronnlund@vinje.kommune.no
Heimeside: https://teateribsen.no/forestilling/stein-i-lomma/

Kart over Vinjehuset