
Teater Ibsen : Terje Vigen
Vinje folkebibliotek avd. Åmot
«Der bodde en underlig gråsprengt en på den ytterste nøgne ø; – han gjorde visst intet menneske mén hverken på land eller sjø.»
Me inviterer til framsyning på hovudbiblioteket i Åmot tysdag 7. oktober kl. 1700.
Det er over 160 år sidan Henrik Ibsen skreiv Terje Vigen. Forteljinga om ein manns desperate kamp for familien, møtet hans med overmakta og den djupe konflikten mellom hemn og forsoning, klinger sterkt også i vår tid. Diktet er framleis relevant og tek opp viktige tema.
Teater Ibsen sin Terje Vigen er ei framsyning med skodespelar Hans Jacob Sand og musikar Symre Taugbøl Bang. Symre og Hans Jacob blei engasjert av Annette Winkelmann og Sølvåren til å gjere eit kunstnarisk innslag under Bukkespranget, ein konferanse om formidling av Ibsen i skulen og ein del av festivalen Ibsen som var 20. mars tidlegare i år.
I deira versjon har Symre komponert sin eigen musikk med el-gitar som bakgrunn for Ibsens episke dikt. Hans Jacob gir oss alle de 43 versa og framsyninga varer ca. 35 – 40 min.
Prisar
Gratis inngang
Kontaktinformasjon
Vinje folkebibliotek
Tlf: 35072660
E-post: biblioteket.aamot@vinje.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.