Temakveld - Glimt frå tida då straumen kom til Møsstrond og litt til
Raulandsakademiet
Glimt frå tida då straumen kom til Møsstrond og litt til.
I 2015 kom boka om Kraftlaget i Rauland til 75-års jubileet. Forfattar var Kjell Bitustøyl. Han har sterke band til Møsstrond over lang tid og har vore innom mange ulike prosjekt. Fyrst av alt, han kom tidleg til Argehovd avdi bestemor hans, Gunhild Lauvås, g. Bitustøyl, var halvsyster til Åsmund Argehovd, som busette seg på Argehovd like før andre verdskrigen. Mannen hennar, Olav Bitustøyl, bestefar til Kjell, var tømmermann og var mykje på Møsstrond han og. Han bygde kyrkja på Møsstrond i 1923 og sette opp fleire hus på Møsstrond.
--
Kjell har blant anna skrive bok om tamreinsdrifta på Hardangervidda, inkludert Møsstrond. På temakvelden vil han med tidsbolken før og etter straumen kom til Møsstrond som ramme, hente fram historiar av ulike slag. Særleg er det ei kjelde han vil lyfte fram, Jon Hove, som har fortalt mykje frå eit langt liv gjennom ei stor brytningstid for denne fjellbygda.
Prisar
Pris: 150,00
Kontaktinformasjon
Rauland historielag
Tlf: 90987828
E-post: asbj.gards@gmail.com
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.