
Temakveld – kultur uten barrierer
Vinjehuset
Temakveld – kultur uten barrierer
Kva slags verktøy og samarbeidsmåtar treng kommunen og frivilligheita for at alle born og unge skal få sjansen til å vere med på kulturaktivitetane som skjer i kommunen? Dette ynskjer Vestfold og Telemark kulturnettverk å finne ut av, og har gått saman med organisasjonen Løvemammaene om prosjektet «Kultur uten barrierer». Prosjektet ynskjer å prøve ein ny måte å jobbe med inkludering på. Vi ynskjer å lære både kva slags behov frivilligheten har for å tilrettelegge, og korleis dei kan møte behova til familiar med born og unge der sjukdom eller funksjonsvariasjon er ein del av kvardagen. 23. oktober– Vinjehuset – kl 18:30 til 20:30 Temakvelden vil innehalde eit seminar på ein time – der vil vi få gode eksempel til inspirasjon, lære meir om moglegheitane og utfordringane vi saman kan løyse og påfyll av relevant forsking. Det blir så workshop der vi saman løyser casar både frå kulturståstad og familieståstad. Her blir dykkar kompetanse og erfaringar viktig. Etter programmet blir det tid til å drikke kaffe og diskutere vidare for dei som ynskjer det. Prosjektet skal samle kunnskap og erfaringar om korleis kvar enkelt kommune saman med frivilligheita kan kome fram til gode løysingar som sikrar fleire born og unge eit aktivt kulturliv. Målet er at de - lokal frivilligheit, skule, foreldre og kommune - saman kan utforske moglegheitane og utfordringane lokalt. Korleis de kan dra lasset saman, og finne kommunikasjonslinene som gjer det mogleg å hjelpe kvarandre. Vi trur at om alle gode krefter møtas - og kloke hovud tenker saman - då kan vi skape den lokale heiagjengen born og unge treng! Kvelden er open for alle – men spesielt retta mot kulturfrivilligheit, kommunalt tilsatte innan helse, skule, familie og kultur, politikarar, brukerorganisasjonar, foreldre av born i målgruppa og ungdom i målgruppa. Den er også aktuell for alle andre som har interesse av eller erfaring med tematikken. Vi vil samle heile heiagjengen Har de spørsmål til temakvelden, eller prosjektet generelt, ta kontakt på camilla.rindahl @musikk.no eller ingebjørg.reinholdt@musikk.no. Vi håpar de vil delta med dykkar erfaring. Temakvelden er gratis for alle, det blir servert kaffe og noko søtt å bite i.
Hjarteleg velkomen til ein annleis kulturkveld.
Vi gledar oss til å møte deg! Med vennlig helsing Camilla Rindahl Vestfold og Telemark Kulturnettverk
Prisar
Gratis inngang
Kontaktinformasjon
Vinje kommune / Kultur uten barrierer
Tlf: 91696741
E-post: david.ronnlund@vinje.kommune.no
Heimeside: https://www.musikk.no/vestfoldogtelemark/kultur-uten-barrierer
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.