Hopp til innhold
Temakveld - Vest-Telemark.no

Temakveld

Raulandsakademiet

Bilete som ligg ved er eit utkast til nytt ungdomshus i 1946
Frå ungdomshus til Rauland samfunnshus
Filmen Vi reiser eit samfunnshus

Rauland ungdomslag blei danna i 1898, og det fyrste ungdomshuset kom rundt 1910/15. Ungdomshus nr to, i Neslandskrysset, var ferdig i 1934. Det var i bruk fram til ca. 1950. Under andre verdskrig tok tyskarane i bruk ungdomshuset i Neslandskrysset. Dei for stygt fram og brukte huset hardt. Av den grunn, truleg, kom det alt i 1946 planar om å byggje nytt ungdomshus. I dag veit me at dette enda opp i Rauland samfunnshus.
Det er laga ein film om då dei bygde dette samfunnshuset. Her ser me att eldre raulendingar som i dag for lengst er borte. Det var mykje diskusjon om samfunnshus og skule skulle liggje i same bygg. Endå verre blei det då ein også ville ha med kapell i bygget. Men samfunnshus blei det med alle tre delane i bygget.
Dette er opplegget for komande temakveld på Raulandsakademiet denne månaden. Me syner filmen, og dei som vil sjå att si eldre slekt, har no høve. Arrangør er som vanleg Rauland Historielag.

Deretter kake, kaffi og rørur i kantina

Prisar

Pris: 200,00
Medlem: 150,00

Kontaktinformasjon

Rauland historielag
Tlf: 90987828
E-post: asbj.gards@gmail.com

Kart over Raulandsakademiet