Temakveld
Raulandsakademiet
UTMARKSRIKET
Temakveld med arkeologen Kjetil Loftsgarden
På temakvelden 17. februar kl. 19 på Raulandsakademiet vil arkeologen Kjetil Loftsgarden presentere boka Utmarksriksriket, Telemark i perioden 400 til 1400. Kjetil vil gje oss innblikk i samfunnet i jernalderen og mellomalderen, med særleg fokus på Vinje og Rauland.
Mange frå bygdi kjenner Kjetil. Han voks opp på Nesland og vart tidleg interessera i funn frå eldre tider. No arbeider Kjetil som fyrsteamanuensis ved Kulturhistorisk museum ved Universitet i Oslo. Han har skrive over 25 forskingsartklar om jernalder og mellomalder.
Korleis såg livet ut i Telemark i desse tusen åri? Gjenstandar frå graver og gravfunn har vore viktig til å gje innsikt i sosiale, politiske forhold i jernalderen. I denne perioden vart både skogane og fjella utnytta til det fulle, og det er ikkje utan grunn at området vert omtala som utmarksriket. Telemarkingane framstilte jern av myrmalm, laga kammar av gevir og selde pelsverk, bryne og skinn. Gjennom arkeologiske undersøkingar og funn ser me kva dei valde å leggje i grava til forfedrene sine, kva hus dei bygde og budde i, korleis dei smidde jern til dyrebare våpen og arbeidsreiskapar. Me veit om den store jernproduksjonen i øvre Telemark.
Det var ei verd der blodige hestekampar var underhaldning, der ære, kamp og drukkenskap gjekk hand i hand med handel på marknadsplassar og der idear og varer strøymde inn og ut av fjellbygdene.
- Det er fint å arbeide med arkeologiske spor og funn frå øvre Telemark, og vera litt på heimebane, seier Kjetil som ofte er heime i Rauland.
Vil du vita meir, kom til temakvelden. Du kan også kaupe Utmarksriket.
Inngangspengar kr 150, ikkje-medlemmer kr 200.
Prisar
Medlem: 150,00
Kontaktinformasjon
Rauland historielag
Tlf: +4790987828
E-post: asbj.gards@gmail.com
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.