Tur til Nupseggi
Ulevå på Haukelifjell
Nupseggi er Vinje kommune sitt høgste punkt på 1672 moh! Turen går i greit høgfjellsterreng, mykje utanom sti, og er på vel 18 km tur/retur og 670 høgdemeter. Siste delen av ruta går i ei litt bratt ur med grus og laus stein, og litt småklyving er nødvendig for å koma heilt opp. Vi vil og passere Telemark sin einaste isbre - Nupsfonn. Nupseggi er ein av dei høgste toppane på vidda, og på toppen er det eit vidt utsyn over Hardangervidda.
Ta med godt med kle, mat og drikke for å vere ute i 8-10 timar.
Me møtes kl 9 på Ulevå (1000 moh), som ligg ved E134 over Haukeli, 3 km nordvest for Haukeliseter fjellstue. Parkering på fin tilrettelagt parkeringsplass på sørsida av vegen.
Påmelding innan 15.september til Trine, mob:93216744
Kontaktinformasjon
Vinje turlag
Tlf: 93216744
E-post: trinelothe@hotmail.com
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.