Turhelg på Haukelifjell
Haukeliseter
Vinje turlag inviterer til turhelg på Haukelifjell 19-21 september. Dei som ynskjer det, bestiller overnatting på Haukeliseter Fjellstue. Det er reservert 4 rom (16 senger) i «selvstellsrom». Ta med eget sengetøy og håndkle, eventuelt kan dette leies i resepsjonen. Deltakerne betaler sjølv losji og andre kostnader ved avreise. Pris for to overnattingar med frokost, nistepakke og ein felles tre-retters middag på laurdag, for dei som vil være med på det, er 2.435,-/2.920,- (medlem/ikke-medlem).
Eventuell avbestilling av overnatting må skje i god tid og seinast innan 14.09. Avbestilling etter dette kan føre til at du må betale for overnatting.
Vinje turlag tek kr 500,- per person for turleleiing for helga, eventuelt kr 300,- for ein dag. Gratis for born/ungdom under 16 år (NB! Det er berre turen til Nupsredet som passar for barn). Det er ei grense på 20 turdeltakarar per dag.
Påmelding på Vipps til Vinje turlag, vippsnr 911940. Merk påmeldinga med navn, alder og om du ynskjer tre-retters middag.
Til turen treng du gode fjellsko, vindtette turklede (hugs ull inn mot kroppen), ekstra varme klede (gjerne ei dunjakke og stillongs), lue, vottar, sitteunderlag. Pakk med mat og drikke for ein lang dag på tur. Vatn for å fylle opp igjen drikkeflaska finn me undervegs.
Turområdet ligg i Hardangervidda nasjonalpark, som har eigen villreinstamme. Det er viktig å ta hensyn til fugl- og dyrelivet. Det er framleis jakt på denne tida, og er det villrein i området må me vurdere alternative turar.
NB! Atterhald om dårleg vêr og eventuelt endringar i programmet.
TUR PÅ LAURDAG - NUPSEGGI
Nupseggi er Vinje kommune sitt høgste punkt på 1672 moh! Turen går i greit høgfjellsterreng, mykje utanom sti, og er på vel 18 km tur/retur og 670 høgdemeter. Siste delen av ruta går i ei litt bratt ur med grus og laus stein, og litt småklyving er nødvendig for å koma heilt opp. Vi vil og passere Telemark sin einaste isbre - Nupsfonn. Nupseggi er ein av dei høgste toppane på vidda, og på toppen er det eit vidt utsyn over Hardangervidda.
Me møtes kl 9 på Ulevå (1000 moh), som ligg ved E134 over Haukeli, 3 km nordvest for Haukeliseter fjellstue. Parkering på fin tilrettelagt parkeringsplass på sørsida av vegen.
TUR PÅ SØNDAG - NUPSREDET
Ein lett tur i flott fjellterreng. Turen er 10 kilometer tur/retur og 595 høgdemeter. Køyr omtrent 5 kilometer vestover frå Haukeliseter fjellstoge. Oppmøte og parkering ved den raude hytta/vegvoktarbrakka (Nupshallane). Oppmøte kl 10.
Turleiarar for helga er Trine Lothe, Laila Apeland, Cecilie Nesheim og Thor Christiansen. Me gler oss til å møte dykk på fredagskvelden i peisestoga på Haukeliseter eller når de kjem til turen på laurdag eller søndag.
Velkomne på tur!
Alle datoar
Fredag 19. september: 18.00 – 17.00
Kontaktinformasjon
Vinje turlag
Tlf: 91754623
E-post: vinje.turlag@dnt.no
Heimeside: https://aktiviteter.dnt.no/register/toppturtilnupseggi1_25012025053655#/
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.