Hopp til innhold
Solfrid Bratland
© Solfrid Bratland
Ingebjørg
© Ingebjørg K. Vesaas
Signe Bråstøyl
© Signe Bråstøyl

«Unge jenter og helse-kropp, sinn og livsmeistring»

Vinjehuset

Vinje Sanitetslag saman med Folkeakademiet Vinje tar tak i eit viktig tema; "Unge jenter og helse  - kropp, sinn og livsmeistring" torsdag 29.april kl. 18.00 på Vinjehuset.

Her vil Solfrid Bratland delta som er utdanna helse - og treningsfysiolog med doktorgrad i idrettsvitenskap. Ho er spesielt opptatt av fysisk aktivitet og psykisk helse. Ho har forska på trening i forebygging og behandling av spiseforstyrrelsar, tvangsprega trening, kroppspress og kropsmissnøye. Ho har mykje erfaring i å samarbeide med praksisfeltet slik at forskningresultata kjem til nytte for relevante brukargrupper.
Me har og med oss helsesjukepleiar, Signe Bråstøyl som har jobba som helsesjukepleiar for ungdom i 21 år, samt gjennomført ulike prosjekt for å betre undervisning og veiledning til dei unge. Ho brenn for å gje ungdom eit best mogeleg tilbod iht. eiga helse og livsmeistring, og gje dei kunnskap i å ta trygge val for seg sjølve.
Ingebjørg K.Vesaas har høg fagleg kompetanse og over 20 år med praksis av det ho formidlar innom Yoga. Ho skaper eit trygt rom for læring. Ho møter deg der du er, og inspirerar deg vidare. Ho brenn for å vekkje nyfikenheten din, på kropp, pust og hovud og korleis det heile heng saman. Ho vil informere og vise praktiske øvelsar du kan bruke i kvardagen.

Dette blir ein lærerik og inspirerande kveld der me og legg inn tid til spørsmål og samrøe rundt eit enkelt matbord. Er du ung jente, mor med ungdom eller bestemor med ungdom så har du nytte av denne kvelden. 

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Vinje sanitetslag/Folkeakademiet Vinje
Tlf: 95897895
E-post: signe.marie.kittelsaa@nenett.no

Kart over Vinjehuset