Hopp til innhold
"Vinjerevla" - broderidugnad om Aa.O.VinjesStoregut
© tsg

«Vinjerevla» august 2026

Vinjesenteret

«Vinjerevla» sommaren 2026

Oppstart torsdag 25. juni 2026 kl. 11-15, deretter kvar torsdag, fredag, laurdag og sundag i resten av juni, heile juli og i august fram til sundag 16.

«Vinjerevla» er ein broderidugnad basert på Aa O Vinjes diktsyklus «Storegut», eit kunstprosjekt der alle, små og store, er velkomne til å brodere ein stor eller liten bit av soga om Storegut.
Arbeidsteikninga er overført til eit langt linklede som ein broderer på, fargane er bestemt og frivillige frå Vinje handverkslag er rettleiarar. Vi held til i underhøgda på Vinjesenteret med inngang frå nedsida mot Vinjevatn. Vi går no inn i den tredje sommarsesongen og er godt over halvvegs i soga om Storegut.

Ei «Revle» – av gamalnorsk «refill», er eit langt og smalt tøystykke, gjerne av lin, av varierande bredde og lengde. Bayeux-teppet der ein med nål og tråd fortalde om Vilhelm Erobrarens siger ved Hastings i 1066, er omlag 50 cm breitt på 70 meter langt.
Eit døme frå vår eiga tid er Torvald Moseids broderi «Draumkvedet». Moseid var aleine om jobben, og bruka meir enn 10 år på verket, som er gode 50 meter langt med varierande breidde.

«Vinjerevla» blir 12,5 meter langt og om lag 40 cm breitt.
Arbeidsteikninga til «Vinjerevla» er gjord av Tarjei Østrem Svalastog, busett i Oslo. Teikningane er overført til lin av «BitMap» trykkeri i Sandnes. Ei arbeidsgruppe nedsett av Vinje handverkslag, har bestemt fargane og garnet ein nyttar. Garnet er i hovudsak henta frå Telespinn i Flatdal.
Arbeidsgogna som revla er oppspent i, er laga i tre av Olav Rui frå Smørklepp og er så stor at 8 personar kan brodere samstundes.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje handverkslag.

Alle datoar

Laurdag 1. august – søndag 2. august:
Kvar laurdag og søndag: 11.00 – 15.00

Torsdag 6. august – søndag 9. august:
Kvar torsdag, fredag, laurdag og søndag: 11.00 – 15.00

Torsdag 13. august – søndag 16. august:
Kvar torsdag, fredag, laurdag og søndag: 11.00 – 15.00

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Vinjesenteret og Vinje handverkslag
Tlf: +47 40 43 52 78
E-post: ingebjorg.nestestog.edland@nynorsk.no
Heimeside: https://www.nynorsk.no/vinjesenteret

Kart over Vinjesenteret