Hopp til innhold
"Vinjerevla" - broderidugnaden om Aa.O.VinjesStoregut
© tsg

«Vinjerevla» hausten 2025

Vinjesenteret

«Vinjerevla» hausten 2025
«Vinjerevla» er ein broderidugnad basert på Aa O Vinjes diktsyklus «Storegut».
Etter ein god andre sommarsesong held arbeidet fram kvar onsdag i oktober og november.
Å brodere ein stor eller liten bit av soga om Storegut, er noko alle er velkomne til å gjere.
Frivillige frå Vinje handverkslag er rettleiarar, fargane er bestemt og arbeidsteikninga er overført til linkledet som ein broderer på.
Arbeidsteikningane til «Vinjerevla» er gjorde av Tarjei Østrem Svalastog frå Lillehammer og Oslo, overført til lin av «BitMap» trykkeri i Sandnes. Revla er fargesett av ei arbeidsgruppe nedsett av Vinje handverkslag.
Arbeidsgogna som revla er oppspent i, er laga i tre av Olav Rui frå Smørklepp og er så stor at 8 personar kan brodere samstundes.
«Vinjerevla» er eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje handverkslag. Vi held til på Vinjesenteret, med inngang frå nedsida mot Vinjevatn.
Kom og saum!
«Revle» – av gamalnorsk «refill»
Ei revle er eit langt og smalt tøystykke, gjerne av lin, av varierande bredde og lengde. Bayeux-teppet der ein med nål og tråd fortalde om Vilhelm Erobrarens siger ved Hastings i 1066, er omlag 50 cm breitt på 70 meter langt. Eit døme frå vår tid er Torvald Moseids broderi om Draumkvedet, for tida vist på Kunstsiloen i Kristiansand. Moseid brukte meir enn 10 år på verket, som er gode 50 meter langt og med varierande breidde. «Vinjerevla» er 12,5 meter langt og om lag 40 cm breitt. Planen er å bruke tre år på å gjere det ferdig.

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Vinjesenteret og Vinje handverkslag
Tlf: +4791810932
E-post: tone@grungebru.com
Heimeside: https://www.nynorsk.no/vinjesenteret

Kart over Vinjesenteret