Hopp til innhold
"Vinjerevla" - broderidugnaden om Aa.O.VinjesStoregut
© tsg

«Vinjerevla» på Litteraturdagane 2025

Vinjesenteret

Deltakarane på Litteraturdagane i Vinje får høve til vere med å brodere på «Vinjerevla». Det skjer i underetasjen på Vinjesenteret fredag 26. og laurdag 27. kl. 11 – 14, som del av programmet på Litteraturdagane.
«Vinjerevla» er ein broderidugnad basert på Aa O Vinjes diktsyklus «Storegut».

«Revle» – av gamalnorsk «refill»
Ei revle er eit langt og smalt tøystykke, gjerne av lin, av varierande bredde og lengde. Bayeux-teppet der ein med nål og tråd fortalde om Vilhelm Erobrarens siger ved Hastings i 1066, er omlag 50 cm breitt på 70 meter langt.
Eit døme frå vår tid er Torvald Moseids broderi om Draumkvedet, for tida vist på Kunstsiloen i Kristiansand. Moseid brukte meir enn 10 år på verket, som er gode 50 meter langt med varierande breidde.
«Vinjerevla» er 12,5 meter langt og om lag 40 cm breitt.
Arbeidsteikningane til «Vinjerevla» er gjorde av Tarjei Østrem Svalastog frå Lillehammer og Oslo, overført til lin av «BitMap» trykkeri i Sandnes. Revla er fargesett av ei arbeidsgruppe nedsett av Vinje handverkslag.
Arbeidsgogna som revla er oppspent i, er laga i tre av Olav Rui frå Smørklepp og er så stor at 8 personar kan brodere samstundes.
«Vinjerevla» er eit prosjektsamarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje handverkslag.

Alle datoar

Fredag 26. september: 11.00 – 14.00

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Vinjesenteret og Vinje handverkslag
Tlf: +4791810932
E-post: tone@grungebru.com
Heimeside: https://www.nynorsk.no/vinjesenteret

Kart over Vinjesenteret