Hopp til innhold
Detalj frå Vinjerevla
© ojgarnes

Vinjerevla under Litteraturdagane

Vinjesenteret

Alle er velkomne til å fortelje om Storegut med nål og tråd.

«Vinjerevla» er ein broderidugnad basert på Aa O Vinjes diktsyklus «Storegut», eit kunstprosjekt der alle, små og store, er velkomne til å brodere ein stor eller liten bit av soga om Storegut.

Vinje revla er 12,5 m lang og omlag 40 cm brei i lin. Arbeidsteikninga til «Vinjerevla» er gjord av Tarjei Østrem Svalastog, busett i Oslo. Teikningane er overført til lin av «BitMap» trykkeri i Sandnes. Ei arbeidsgruppe nedsett av Vinje handverkslag, har bestemt fargane og garnet ein nyttar. Garnet er i hovudsak henta frå Telespinn i Flatdal.
Arbeidsgogna som revla er oppspent i, er laga i tre av Olav Rui frå Smørklepp og er så stor at 8 personar kan brodere samstundes.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje handverkslag.
Vinjesenteret og Vinje handverkslag

Alle datoar

Fredag 25. september: 11.00 – 15.00

Laurdag 26. september: 11.00 – 15.00

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Vinjesenteret og Vinje handverkslag
Tlf: 70 04 75 70
E-post: vinjesenteret@nynorsk.no
Heimeside: https://www.nynorsk.no/vinjesenteret

Kart over Vinjesenteret