«Vinjerevla» våren 2026
Vinjesenteret
«Vinjerevla» våren 2026:
Oppstart onsdag 4. februar 2026 kl. 11-15, deretter kvar onsdag i februar, mars og april fram til 29. april (Ikkje i påskeveka!)
«Vinjerevla» er ein broderidugnad basert på Aa O Vinjes diktsyklus «Storegut», eit kunstprosjekt i samarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje handverkslag, og held til i underhøgda på Vinjesenteret med inngang frå nedsida mot Vinjevatn.
Å brodere ein stor eller liten bit av soga om Storegut, er noko alle er velkomne til å gjere!
Frivillige frå Vinje handverkslag er rettleiarar, fargane er bestemt og arbeidsteikninga er overført til linkledet som ein broderer på.
«Revle» – av gamalnorsk «refill»
Ei revle er eit langt og smalt tøystykke, gjerne av lin, av varierande bredde og lengde. Bayeux-teppet der ein med nål og tråd fortalde om Vilhelm Erobrarens siger ved Hastings i 1066, er omlag 50 cm breitt på 70 meter langt.
Eit døme frå vår tid er Torvald Moseids broderi «Draumkvedet». Moseid var aleine om jobben, og bruka meir enn 10 år på verket, som er gode 50 meter langt med varierande breidde.
«Vinjerevla» er 12,5 meter langt og om lag 40 cm breitt.
Arbeidsteikninga til «Vinjerevla» er gjord av Tarjei Østrem Svalastog, busett i Oslo. Teikningane er overført til lin av «BitMap» trykkeri i Sandnes. Ei arbeidsgruppe nedsett av Vinje handverkslag, har bestemt fargane og garnet ein nyttar. Garnet er i hovudsak henta frå Telespinn i Flatdal.
Arbeidsgogna som revla er oppspent i, er laga i tre av Olav Rui frå Smørklepp og er så stor at 8 personar kan brodere samstundes.
Alle datoar
Onsdag 4. februar: 11.00 – 15.00
Onsdag 11. februar: 11.00 – 15.00
Onsdag 18. februar: 11.00 – 15.00
Onsdag 25. februar: 11.00 – 15.00
Onsdag 4. mars: 11.00 – 15.00
Onsdag 11. mars: 11.00 – 15.00
Onsdag 18. mars: 11.00 – 15.00
Onsdag 25. mars: 11.00 – 15.00
Onsdag 8. april: 11.00 – 15.00
Onsdag 15. april: 11.00 – 15.00
Onsdag 22. april: 11.00 – 15.00
Onsdag 29. april: 11.00 – 15.00
Prisar
Gratis inngang
Kontaktinformasjon
Vinjesenteret og Vinje handverkslag
Tlf: +4791810932
E-post: tone@grungebru.com
Heimeside: https://www.nynorsk.no/vinjesenteret
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.