Hopp til innhold
Konsert: Ken & his Midnight Crows - Vest-Telemark.no
© Granvin Kulturhus

Konsert: Ken & his Midnight Crows

Granvin Kulturhus

Ken & His Midnight Crows – vårens store konsert på Granvin

"For 6 år sidan skeiv eg ein tekst og sette melodi til den. Det har blitt mange tekstar sidan den gang.
Kvar blei de av den amerikanske draumen er bakteppe for mine sanger.
Etterkvart har tekstane endra seg meir til å bli eit skråblikk på den USA me opplever i dag og som
eg ikkje kjenner meg att i frå den tid eg vaks opp i Amerika.

Jo Henning Kåsin på gitar, Geir Jensen på bass og Johannes Kvåle Rue på trommer er med til å
fargeleggje og i mange sanger understreke alvoret i tekstane mine." - Kenneth Bø.

Dette blir vårens store konsert på Granvin kulturhus, og det skjer i kinosalen der lyden sit tett og stemninga kjem heilt innpå deg.

Dørene opnar kl 20 og konsertstart er kl 21. Baren er open både før og etter konserten, så her ligg alt til rette for ein heilaften.

Ken & His Midnight Crows leverer mørke, melankolske låtar med nerve og tyngde, men òg trøkk når det trengst.
Dette er ikkje ein konsert du vil høyre om i etterkant og tenkje at du burde ha vore der.

Sikre deg billett på førehand. Det kjem til å fyllast opp.

Sponsa av: Morgedal rør

Prisar

Pris: 249,00

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Granvin Kulturhus
Tlf: 350 65 98
E-post: post@granvinkulturhus.no
Heimeside: https://www.granvinkulturhus.no/konsert-kenneth-bo-s3f9tr/

Kart over Granvin Kulturhus