Lefsebaking, skoing av hest, karveskurd og åkerarbeid
Aktivitet på husmannsplassen og ute på åkrane i Eidsborg
Laurdag og sundag jobbar museumsbonden ute på åkrane ved museet i Eidsborg. I tillegg blir det baking av potetlefse på husmannsplassen bak museumsbygget laurdag, og sundag vil Daniel også vere oppe ved Liosmia for å demonstrere skoing av hest.
Same sundag kan de dessutan møte Mikkel som skal arbeide med trevirke i husmannsstoga, nærare bestemt teknikken karveskurd.
Velkomen innom både for å sjå, lære og ta ein prat!
Aktivitetane pågår mellom 12-16.
Alle datoar
Laurdag 11. juli: 12.00 – 16.00
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.