Generasjonsleikane Vinje
Edland stadion
Bli med på eit artig aktivitetsarrangement for alle generasjonar!
Generasjonsleikane Vinje, sundag 31.mai 2026.
Dette er ein del av seniordagane i Vinje og me samarbeider med Senter for Aldersvennleg Norge.
Kva er Generasjonsleikane?
Generasjonsleikane handlar om å være aktive samen! Barn, foreldre og besteforeldre – ulike generasjonar som er i aktivitet gjennom idrett og leik. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det gøy, ikkje å vinne. Laga som består av minst to generasjonar, er med på fleire ulike aktivitetar. Desse er lagt til rette slik at alle skal kunne være med, uansett alder og aktivitetsnivå.
Korleis bli med på Generasjonsleikane?
Sett samen eit lag på 2-5 personar, til dømes to barn, tante og nabo-bestefar, eller mor og to barn – heilt opp til dykk. Undervegs i leikane kan de ta del i fleire ulike idrettar og spel. De treng ikkje å trene aktivt eller ha treningsklede for å være med. Her møter du opp som du er.
Når og kor?
Generasjonsleikane blir arrangera på Edland stadion, sundag 31.mai frå klokka 12.00-15.00.
Arrangørar er Vinje kommune, IL Rein , Øvre Vinje Sanitetslag og Øvre Vinje pensjonistlag.
Håpar me sjåast!
Kontaktinformasjon
Vinje kommune
Tlf: +4797166411
E-post: sigrid.hylland@vinje.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.