Hopp til innhold
Cecilie Nesheim og Rune Hana
© Cecilie Nesheim

Foredrag og premieutdeling

Tokke kulturhus

Tokke turlag er så heldige å få besøk av Cecilie Nesheim og Rune Hana som skal fortelje, vise bilete og filmar frå ekspedisjonane deira til Denali (6 190 moh) som ligg i den amerikanske delstaten Alaska, Carstenz Pyramid (4 880 moh) som er Oseanias høgaste fjelltopp og Everest (8 849 moh) som er verdas høgste fjell og ligg i Øst-Himalaya i Asia.
Dei fortel om sine eventyr for å nå toppane, og dei har med seg noko av utstyret sitt for å illustrere kva som er essensielt for ein trygg og komfortabel ekspedisjon.
Alle som har fullført Tokke turlag sine 5 eller 10 toppar i 2025 får overrekt premien sin (dersom du har levert inn kortet)
Dei som har merka og rydda stiar får ei påskjønning for arbeidet.
Gratis inngang, kake, saft og kaffi

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Tokke Turlag
Tlf: 90515248
E-post: tokke.turlag@dnt.no
Heimeside: https://www.facebook.com/tokketurlag

Kart over Tokke kulturhus