Hopp til innhold
Fotomontasje av Lindeman, Bratterud og Moe.

Draumkvedet i vår tid 2026

Museumsvegen 9, Høydalsmo

Velkomen til årets seminar om Draumkvedet!

Vil du meg lye - eg kveda kan? Frå årestoge til konsertsal og attende
I høve 125. fødedag til Eivind Groven (1901-1977)

 

Med Øyonn Groven Myhren, Ingvill Buen Garnås og Jøran Rudi.

Melodiane til Draumkvedet - velkjende for dei fleste frå Agnes Buen Garnås sin legendariske innspeling i Gjerpen kyrkje (1985) - har fått lite merksemd i forskinga. Dei fleste utøvarar song Draumkvedet for folkeminnegranskarane - men desse var sjeldan i stand til å hugse melodiane, enn seie å skrive dei ned.

Jørgen Moe, ein av dei fyrste som skreiv opp Draumkvedet, opplyser i 1850: «Musikken er nedskreven af Hr. Lindemann efter Hr. Ivar Aasens sang. Desværre kjendte denne ei Omkvædets Melodi». 

Hr. Ludvig Mathias Lindeman - organist og komponist i Kristiania - var òg melodiansvarleg for M.B. Landstads bok «Norske Folkeviser» (1853) der Draumkvedet var med - der «Musikbilagene skyldes fornemmelig Præstedatteren, Jomfru Olea Cröger». 

Lindeman gav ut «Draumkvæde» for song og pianoforte (klaver) året etter (1854). Den populære «kammersongaren» Thorvald Lammers spreidde denne utover det ganske land, og den blei ståande som utgangspunkt for alle seinare variantar.

Lindeman stod i Bach-tradisjonen. Hans harmoniseringar var tempererte, vil seie at naturtoneskalaens særeigne toneavstandar - slik dei førekjem i kveding - blei nivellert. Dette var naudsynt for å tilpasse musikken til moderne (vestleg) tonalitet som tillét rask veksling mellom ulike toneartar.

Komponist og folkemusikksamlar Eivind Groven var oppteken av å korrigere dette, og gjere «reinstemming» teknisk mogleg på moderne instrument bygd for temperert musikk. Han konstruerte reinstemmingssystem for ulike klaverinstrument, og - som ein av dei fyrste i verda - ein elektrisk «reinstemmingsautomat» for orgel eller syntesizer.

Seminaret tek for seg ulike aspekt av denne vandringa frå autentisk kveding til temperert konsertmusikk - og attende. På seminaret vil Øyonn Groven Myhren framføre utdrag av Draumkvedet til reinstemt harpsikord, og ein soloversjon i Eidsborg stavkyrkje.

 

Programmet er førebels, detaljar kan bli endra:

Frå kl. 08.30  Mingling med kaffe
09.15  Introdukjson ved formidlingsansvarleg VTM, Tilman Hartenstein
10.00  Føredrag ved kvedar Ingvill Buen Garnås: «Draumkvedet si tonedrakt - kjende melodiar og rommet for variasjon»
11.00  Kaffipause
11.15  Innlegg ved folkemusikar Øyonn Groven Myhren: «Eivind Groven sitt arbeide med Draumkvedet»
12.00  Lunsj
12.45  Omvising i Eidsborg stavkyrkje
13.30  Øyonn Groven Myhren framfører utdrag frå Eivind Grovens «Draumkvædet» til reinstemt harpsikord v/Lars Henrik Johansen.
14.00  Kaffipause
14.15  Føredrag ved Jøran Rudi, styreleiar i Eivind-Groven-instituttet: «Frå kveding og seljefløyte til elektronisk orgel – Eivind Groven sitt arbeide med automatisk reinstemming»
15.30  Framføring av Draumkvedet ved Øyonn Groven Myhren i Eidsborg stavkyrkje
16.00  Slutt

Pris: kr. 650,- inkl. lunsj

Påmelding til th@vtm.no innan 12. mars

 

Tips til overnatting:
Dalen Hotel, Hotellvegen 33, 3880 Dalen,
dalenhotel.no        tlf: 35 07 90 00         post@dalenhotel.no
Ca. 10 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

Dalen Bed&Breakfast, Aasmund Nordgaardsveg 6, 3880 Dalen,
dalenbb.com              tlf. 928 17 012                 info@dalenbb.com
Ca. 10 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

Morgedal Hotel, Haugivegen 4, 3848 Morgedal
morgedal.no                   tlf. 35068900                  morgedalhotel@unikehoteller.no
Ca. 25 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

Morgedal Gjestehus, Haugivegen 4A, 3848 Morgedal
gjestehus.com                tlf. 469 63 631                 morgedal@gjestehus.com
Ca. 25 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

Straand Hotel, Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
straand.no                      tlf. 35 06 90 00                straand@straand.no
Ca. 1 time med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

 


 

Kontaktinformasjon


Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no

Kart over Museumsvegen 9, Høydalsmo