Sommarope på Forsvarsmuseet i Vinje
Forsvarsmuseet i Vinje
Velkomen til Forsvarsmuseet i Vinje denne sommaren!
På Forsvarsmuseet i Vinje kjem krigshistoria tett på, med forteljingar frå kamphandlingane i Vinjesvingen og livet i bygdene under andre verdskrigen.
Forsvarsmuseet i Vinje gjev eit sterkt og nært møte med krigshistoria i Vinje og Vest-Telemark. Museet er eigd av Vinje kommune og blir drifta av Venelaget for Vinje Forsvarsmuseum.
Hovudfokuset er kamphandlingane i Vinjesvingen i 1940 og kvardagslivet under krigen. Gjennom gjenstandar, bilete og forteljingar får du innblikk i dramatiske hendingar, lokale skjebnar og forsvarsoperasjonar som fann stad i nærområdet. Utstillingane knyter saman den store verdshistoria med det som hende nett her – i bygdene, i landskapet og blant folk.
Museet har òg som mål å formidle forsvarshistoria i Vinje og Vest-Telemark breiare, med særleg vekt på personar og operasjonar med lokal tilknyting.
Alle datoar
Torsdag 2. juli – søndag 16. august:
Kvar torsdag, fredag, laurdag og søndag: 11.00 – 16.00
Kontaktinformasjon
Forsvarsmuseet i Vinje
Tlf: 99449230
E-post: olav.aalandslid@nav.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.