Ein Førbainna Nordlending - Per Kjerstad slår ihjel ein time
Edland Skule, Festsalen
Per Kjerstad, frå Tjelsund i Troms. Kjent frå utallige filmar og TV-seriar, samt podcasten og TV2-serien Psykodrama. Minst like solid som repertoaret frå skjermen er vokabularet til denne fyrige nordlendingen.
Han tok publikum med storm då han debuterte med sitt fyrste soloshow i 2024. I Ein Førbainna Nordlending fortel Kjerstad med både humor og hjarte om oppveksten i nord, temperamentet som aldri gav seg, og vaksenlivet med familie, kjærleik, angst og forbannelse. Det er morosamt, ærleg og djupt gjenkjenneleg – ein time der latteren sit tett, men der det òg treff ein godt i mellomgolvet.
Over 12 000 har allereie ledd, grine og reist seg i ståande applaus! Showet er ei eksplosiv blanding av standup, fortelling og rein scenekunst. Du bør absolutt bli med når Per Kjerstad slår ihjel ein time i Festsalen i Edland!
Prisar
Voksen: 390,00
Kontaktinformasjon
Visit Haukeli
Tlf: 41514360
E-post: post@visithaukeli.no
Heimeside: https://visithaukeli.no/arrangement/ein-forbainna-nordlending-per-kjerstad-slar-ihjel-ein-time/
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.