Drive in snøskuterkino på Møsstrond - Flåklypa!
Møsstrond Turisthytte - Hovden
Drive-in snøskuterkino på Hovden!
Den 14. mars 2026 inviterer me til ei heilt spesiell filmoppleving under stjernehimmelen – frå setet på din eigen snøskuter!
Ta med vener, pakk varme klede og gjer deg klar for ein kveld med fart, frisk luft og storfilm på lerretet ute i naturen.
Årests storfilm "Flåklypa - Fra Paris til pyramidene" er på lerretet denne dagen!
Ei utesta oppfinning, ein nysgjerrig Solan og ein topptrimma grasklyppar på ville vegar gjer at ordføraren bannlyser trioen frå Flåklypa. Solan, Ludvig og Reodor må difor vinne det spektakulære rallyet frå Paris til pyramidane – denne sigeren er den einaste måten dei kan kome heim att på.
Il Tempo Gigante skal ut på vegen, og det blir full gass, høg puls og sjarmerande moro når trioen forlèt den trygge bygda og legg ut i den store verda.
Me gler oss til – i samarbeid med Bygdekinoen, Møsstrond grendelag, Møsstrond Snøscooterklubb og Møsstrond Turisthytte – å invitere til drive-in snøskuterkino!
Kle dykk etter vêr! Dette er utekino!
Du må stille med eigen skuter, me ordnar med fellesløyve( Fellesløyva er berre gyldig i lag med kinobilleten! )
Det er òg mogleg å tinga transport med Harald Hovden ( 97143713 )
Me tek atterhald om vêr og føreforhold.
Ved eventuell avlysing blir billettane refundert.
Prisar
Pris: 200,00
Kontaktinformasjon
Vinje kommune
Tlf: 91696741
E-post: david.ronnlund@vinje.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.